
Attraksjonar
Setesdal er kjent som eit dalføre med rike kulturtradisjonar. Her finn du mange spennande museumssamlingar. Nedre Setesdal har ei rik historie innan geologi og gruvehistorie. I Valle og Rysstad finn du "Noregs sylvsmedrike" og på Hovden finn du m.a. Hovden Jarnvinnemuseum - eit museum utan skriftleg informasjon - alt er bygd på lyd, lys og lukteffektar.
I Setesdal kan ein finne noko spennande å gjere sjølv om det regnar litt ein dag!