Forside |
Siste 10 fra Setesdal |
Arkiv
|
10.08.2010
Naturligvis 2010
Naturligvis arrangerast på Evjemoen frå 13. til 15.august. Det vere bodar,Bondens marked, landbruksmaskinar og dyr. I år har Naurligvis utvida, og kan blant anna tilby ølbryggingskurs, traktorduell, bondebryllaup, konsert med UKM-deltakarar og hundeoppvisning, så vel som kokkekurs for born.
Les meir
|
|
09.08.2010
Rock i Brokke
Rock i Brokke er eit arrangement for ungdom, som skal foregå frå 27.-29.august. Det vil verte arrangert eit bandseminar som varar heile helga, på laurdag og sundag er det og konsertar med Ask, Echo of Silence og Honningbarna.
Les meir
|
|
09.08.2010
Lislefarmen
Sundag 5.september er det klart for Lislefarmen, eit uhøgtidleg marknads- og familiearrangement. Marknaden i år er inspirert av vikingtida. Det vil vere mogleg å få kjøpt lokal tradisjonsmat, samt husflid og handverk.
Les meir
|
|
06.08.2010
Ny klatrepark
Den nyopna klatreskogen på Evje må kunne beskrivast som ein suksess. Over 2000 har besøkt parken i sommar, og den er framleis open, så det er moglegheiter for ta turen innom. Med 18 ulike løyper for born og 34 løyper for vaksne skulle det vere nok av utfordringar for kvar og ein.
Les meir
|
|
06.08.2010
Bjoren
Det er mogleg å oppleve den fantatiske Byglandsfjorden, og Setesdal, ved å ta det gamle dampskipet Bjoren. Turane startar på Byglandsfjord, og går nordover. Det er mogleg å kombinere turen med besøk innom kafèar eller ein tur innom glashytta i Bygland.
Les meir
|
|
05.08.2010
Nytt turistkontor på Bygland
Vi oppmodar folk til å ta turen innom den nye turistkontoret, enten for litt informasjon, eller for å sjå glasblåsarkunst.Opningstider:
Måndag – Sundag : Kl.10 – 17
Fredag: Kl. 10 – 19
Frå september:
Måndag – torsdag.: Kl. 10 – 16
Fredag: Kl. 10 – 19
|
|
05.08.2010
Rafting på Evje
På Evje finn ein aktivitetar for den som søkjer spenning. Villmarkssafari, klatring,paitball go kart og høgdepark, men også rafting i Otra. For meir info, besøk; www.trollaktiv.no eller www.bortelidferie.no
|
|
04.08.2010
Downhill på Hovden
14. august er det offisiell opning av dei fire nye Downhill-løypene på Hovden. Etter ein før-premiere 31.juli, er allereie ei av løypene testa ut. Denne er open alle dagar stolheisen går(unntatt 6.august).
Les meir
|
|
31.07.2010
Tveitestemna 2010
Tveitestemna 2010 vert sundag 1.august, og startar i år med ei kulturvandring i frå Valle kultursenter og opp til Tveitetunet. Her vil det blant anna vere ei open kunstutstilling, og konsert med Anne Karin Kaasa og Valkyrien Allstars
Les meir
|
|
30.07.2010
Rekordfestivalen 2010
13.-14.august er det klart for Rekordfestivalen på Hovden, ein festival med fokus på fokus på gøye konkurransar og aktivitetar, god musikk. Her vil det verte god stemning!
Les meir
|
|