|

Velkomen til Setesdal!
Dalen har århundrelange tradisjonar innan sylvsmedkunst og musikk. Endå eldre er dei vakre minerala du finn i utstillingar og ute i naturen.Musea gir mellom anna innføring i korleis jern vart produsert i vikingtida, om byggjeskikk, målarkunst, drakt og husflidstradisjonar i dalen vår. Landskapet varierer frå flate bygder til vilt og vakkert høgfjell, og vegen gjennom dalen går innom små og større tettstader. Rundt kvar ein sving ventar det nye inntrykk som får deg til å stoppe opp og nyte naturen og det fredelege miljøet. Velg mellom rolege dagar med badeliv, eller aktive dagar med rafting i fossande elvestryk. Nyt det flotte turterrenget, eller oppsøk dei mange attraksjonane i dalen. Naturen er fantastisk, og vi har han til låns for komande generasjonar.
Far difor fint fram i naturen og ha fine dagar i Setesdal!
Forside |
Siste 10 fra Setesdal |
Arkiv
|
AKTUELT 31.07.2010
Tveitestemna 2010
Tveitestemna 2010 vert sundag 1.august, og startar i år med ei kulturvandring i frå Valle kultursenter og opp til Tveitetunet. Her vil det blant anna vere ei open kunstutstilling, og konsert med Anne Karin Kaasa og Valkyrien Allstars
Les meir >>
|
|
AKTUELT 30.07.2010
Rekordfestivalen 2010
13.-14.august er det klart for Rekordfestivalen på Hovden, ein festival med fokus på fokus på gøye konkurransar og aktivitetar, god musikk. Her vil det verte god stemning!
Les meir >>
|
|
AKTUELT 19.07.2010
Framtidsbygda 2010
Konferansen "Framtidsbygda 2010" sett lys på ungdom, bulyst og kultur som innsatsmiddel for attraktivitet og tilhørsle. Konferansen finn stad på Evjemoen 13. august.
Les meir >>
|
|
AKTUELT 19.07.2010
Naturligvis
13.-15. august er det klart for messa 'Naturligvis -landbruk, mat og opplevelser på Agder 2010' att. Det heile vil foregå på Evjemoen, og i år som i fjor vil det vere bodar og 'Bondens marked'.
Naturligvis har blitt utvida, og kan i år tilby ølbryggingskurs, traktorduell, bondebryllaup, konsert med UKM-deltakarar og andre unge musikarar frå Setesdal, så vel som kokkekurs for born.
Les meir >>
|
|
AKTUELT 15.07.2010
Setesdalskappleiken 2010
Setesdalskappleiken vert i år skipa siste helga i juli.
I tillegg til tevlingane vil det og verte konsert blant anna med Fjellfolk, Hallvard T. Bjørgum og Valkyrien Allstars.
Les meir >>
|
|
|